Vi starta med vegetasjonsrydding og anna forarbeid. Deretter arbeidde vi med legging av GRP rør i 2400 meter rørgate frå kraftstasjon og opp til dam/inntaket til Røfsdalselva. Vidare rørlegging 1260 meter opp på inntaket til Helgåa kraftverk, på 630 m.o.h.

Vi hadde arbeidet med å grave og sprenge rørgate i ei lengde på 2440 meter på Røfsdalselva kraftverk, samt legging av GRP-rør. Rørgata gjekk frå kraftstasjonen på ca. 16 m.o.h og opp til dam/inntak til Røfsdalselva på ca. 226 m.o.h.

På Helgåa kraftverk grov og sprengde vi ut ei rørgate med lenge på 1260 meter og la ned rør. Vi hadde grunnarbeid til kraftstasjon og inntak, den var plassert med utløp rett ovanfor inntaktet til Røfsdalselva og gjekk opp til dam/inntak på ca. 604 m.o.h. Dette arbeidet var veldig krevande grunna bratt terreng. I samband med det var det mykje skoging og vi bygde anleggsveg for tilkomst. Flott utsikt på toppen!