Sjå informasjon under samfunnsansvar
Meir utfyllande informasjon finn du på direktoratet for byggkvalitet
Siste åra har vi hatt mange spennande oppdrag på fleire større samferdselsprosjekt i fylka rundt oss. Mange års erfaring og høg kompetanse i kombinasjon med ein moderne maskinpark gjer oss rusta til å ta alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar.
Vi har mellom anna utført arbeid på to parsellar på Eiksundsambandet, vi har bygd ny miljøgate i Ulsteinvik, og vi har sett spor etter oss på tre parsellar langs E 39 Kvivsvegen. Vi har hatt en del kraftverkutbygging og har god kompetanse på vegutbygging og tunelldriving. I 2018 avslutta vi arbeidet med å utbetre "Noregs verste veg" Olden-innvik 6 mnd før estimert tid.
Vi har sentral godkjenning som prosjekterande innan forskjellige fagområde. På denne måten kan vi hjelpe oppdragsgjevar gjennom fleire fasar enn berre den praktiske utførande prosessen.
Med ein fleksibel og allsidig maskinpark kan vi ta på oss alle typar gravearbeid, muring og komprimering. I tillegg utfører vi sprengingsarbeid.
Som grunnentreprenør er presisjon heilt grunnleggjande for kvaliteten på sluttproduktet. Derfor har vi opparbeidd oss ei solid kompetanse innan geomatikk. Volda Maskin utfører oppmåling, utstikking, 3D- modellering, masseberekning, og dokumentasjonsarbeid. I tillegg har vi lang erfaring med bruk av 3D-maskinstyring. Dette er montert på alle våre gravemaskiner over 10 tonn.
Vi har mange års erfaring med kraftverkutbyggingar. Dette er ofte jobbar i spektakulær natur, med vanskeleg tilkomst. Det har vore krevjande oppdrag som har gitt oss spennande utfordringar og nyttige erfaringar. Vi har bygd vassvegar, rørgater, tunellar, demningar, og fundament.
Kraftverk vi har hatt oppdrag på:
Vi har utført innreiing av vegtunellar, med utlasting, grøfting, drens, rørgater og vegbygging. Vi har også bygd fleire tunellar i samband med kraftverksutbygging.
Volda Maskin utfører alt av grunnarbeid til bustadtomter, næringsbygg, vegar og idrettsanlegg m.m. I tillegg utfører vi VA- prosjekt, samt renovering og oppgradering av gamle VA-anlegg.
Vi har kontrakt med Veidekke og Mesta for vintervedlikehald.