Miljøspørsmålet står høgt på agendaen hjå alle bransjar og alle må prøve å gjere sin del for å redusere utslepp, forsøpling og overforbruk. Volda Maskin tek grep på fleire område slik at vi samla sett kan gjere ein forskjell. Vi skal tilfredsstille lov, forskrift og kundekrav på ein slik måte at vi bidreg positivt.
Volda Maskin er ISO-sertifisert etter standarden NS-EN ISO 14001:2015 Miljøstyring. Sertifiseringa stiller krav til dokumentasjon på at vi kontinuerlig jobbar for å begrense vårt avtrykk på det ytre miljøet, samt at vi held eit høgt nivå på kvalitetsarbeidet i bedrifta.
Miljømål
«Vi forpliktar oss til å forebygge vår belastning på det ytre miljø slik at naturen si evne til sjølfornying ikkje vert svekka, og slik at vårt omdømme som ei løysingsorientert bedrift vert styrka også med omsyn på det ytre miljø.»
For å redusere belastninga vår på miljøet har vi feire fokusområde: