Vi har mål om eit lågare sjukefråvær enn landssnittet, og null fråvær med årsak i arbeidsmiljøet. Gjennom tett oppfølging av sjukmelde, samt gode implementerte tiltak for å verne våre tilsette, skal vi sikre oss at det er mogleg å nå dette målet.
Arbeidsmiljø
Gjennom nære relasjonar og tillit har Volda Maskin AS bygd eit solid grunnlag for eit robust og godt arbeidsmiljø. Eit kontinuerleg fokus på kompetanse- og kunnskapsheving er med på å løfte arbeidsmiljøet. Med velferdstilbod som treningsavtale med Aktiv Trening, samt organiserte turar søker vi å auke trivselen for dei tilsette gjennom ei betre helse og sosialt lag. Vi har òg eit nytt kontorbygg med god belysning, godt inneklima og moderne kontor med hev- og senk pult for alle. I 2021 sertifiserte vi oss i NS - EN ISO 45001:2018.
Sikkerheit
Kartlegging av risiko og involvering av tilsette før oppstart av prosjekt er vår tilnærming til å redusere risikoen. Vi dannar eit erfaringsgrunnlag basert på vår avviksbase, og fattar tiltak etter å ha analysert gjentakande hendingar/utfordringar. Gjennom kompetanseheving, sikkerheitsopplæring og ein stadig modernisert maskinpark arbeider vi målretta for å redusere tilløp til ulykker.