Vi er der det skal byggast

Med fokus på samarbeid, teknologi og prosjektstyring er Volda Maskin ein av regionens ledande innan sitt felt. Høg kompetanse i kombinasjon med ein moderne maskinpark gjer oss rusta til å ta alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar.

Volda Maskin har sidan starten i 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med fokus på kompetanse, kvalitet, og samarbeid.

ISO sertifisering, sentral godkjenning, lærebedrift, medlem i MEF og OKAB.

Gjennom nære relasjonar og tillit har Volda Maskin AS bygd solide grunnlag for eit robust og godt arbeidsmiljø. Kontinuerleg fokus på kompetanse- og kunnskapsheving er med på å løfte arbeidsmiljøet.

Volda Maskin er medvitne vårt samfunnsansvar, og vi brukar mykje ressursar på våre tilsette, våre samarbeidspartnarar og vårt lokalmiljø.

Volda Maskin AS ynskjer gjennom eit ansvarleg innkjøps-og innleige arbeid å skape gode verdiar for VM og våre samarbeidspartnerar og samtidig bidra til eit berekraftig samfunn. Krava føres vidare til våre underentreprenørar og leverandørar.

 

Vi er alltid på utkik etter kompetente, pliktoppfyllande og arbeidssomme folk. Send oss gjerne ein søknad og CV via epost eller kontaktskjema dersom dette kan vere deg.