Volda maskin har tre lokasjonar ein kan bestille frå – i Ørsta og Nordfjordeid, og på Rovde.
Anlegget produserer masse til lokale kundar og bedrifter, samt interne prosjekt. Grossmyra leverer radonfri masse. Vi er sertifisert for tilslag av betong NS-EN 12620 og har løyve til mottak og mellomlagring av returasfalt.
I 2008 starta vi stein- og masseuttak på Naustdal, Nordfjordeid. Anlegget produserer masse og murstein til lokale kundar og bedrifter, samt interne prosjekt.
Frå massetaket på kleven sel vi sprengstein og knust masse. Det er mogleg å hente masse sjølve, og noko vert skipa ut med båt. Her er djupvasskai og lekterfeste