Volda Maskin har lagt til rette med ein eigen parkeringsplass der padda skal stå, ikkje langt unna austenden av Fyrdsbergtunnelen. I tillegg har vi bygd paddetunellar under den nye E 39 slik at paddene skal kome seg heilskinna forbi vegen og ned til Lisjevatnet.

Betongpadda på veg til paddeland
Multikunstnaren Robert Steinnes har laga paddeskulpturen som skal få sin plass, på den nye parkeringsplassen i Austefjorden. Her skal den få stå som eit monument for sine levande likesinna. Austefjorden har Skandinavias største paddebestand, og det fortjener ein eigen skulptur.