RV 651 Eiksundsambandet

  • Stad: Eiksundsambandet
  • Byggherre: Statens Vegvesen
  • Entrepriseform: Hovudentreprenør
  • Tidsrom: 2003-2008

På Eiksundsambandet vart vi tildelt delkontrakt T 01 og T 06. T 01 omfatta opparbeiding av riggområde og forskjering på Eika, samt bygging av ei kunstig øy på ca. 20000 m³ i Eiksund. Delar av prosjektet var ikkje landfast, så det vart ei spesiell drift med tanke på tilkomsten. Folk og utstyr vart frakta med lekter og båt over til Eika. På T 06 opparbeidde vi ca. 2 km ny riksveg 653 langs Hovdevatnet mellom Helgehorntunellen og Morkaåstunellen. I tillegg hadde vi breiddeutviding og omlegging av E 39 i Furene. Her vart opparbeidd nytt kryss med rundkjøring, ny veg, gang- og tilførselsveg på ca 800 meter. Prosjektet omfatta og utgraving av miljøtunell i Furene. Kontraktsum: 49 mill.

Volda Maskin / Design: Kib & Morits