Kompetanse og kapasitet

Volda Maskin legg vekt på å være ei attraktiv bedrift, med høg kompetanse innan våre fagfelt. Vi har gode system og moderne utstyr som er tilpassa aktiviteten i vår bransje. Dette sikrar god gjennomføringsevne i alle typar prosjekt. Vi har 65 fast tilsette, og faste avtalar på innleigd arbeidskraft etter behov. Våre tilsette har kompetanse innan alle fagområder i bransjen. Volda Maskin er medlem av MEF - Maskinentreprenørenes Forbund og OKAB - Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene.

Vi er godkjend lærebedrift og satsar aktivt på lærlingar. Vi har som mål om at 10% av arbeidstokken skal vere lærlingar. Som opplæringsbedrift har vi fokus på kvalitet og kompetanse i alle operasjonar. Vi har lærlingar i Fjell og Bergverksfaget, og i Anleggsmaskinførarfaget. Per dags dato har vi 9 lærlingar hjå oss. Vi meiner det er viktig å vise lærlingar tillit, og gi dei ansvar slik dei får vise kva dei er god for. Som lærling hjå oss får ein prøve seg på mange ulike jobbar som gir ulike utfordringar. Dette gir verdifull arbeidserfaring.
Anleggsbransjen er ein spennande bransje med gode framtidsutsikter. Jobbmoglegheitene er gode og ein har mange ulike utdanningsvegar vidare for dei som har fagbrev.

Siste prosjekt

Volda Maskin / Design: Kib & Morits