HMS

Kvalitetstyring

Vi er sertifisert etter Argusnorma, eit kvalitets- og miljøstyringssystem basert på prinsippa i: EN-NS ISO 9001:2008 Kvalitetsstyring, og EN-NS ISO 14001: 2004 Miljøstyring.

Bedrifta har utarbeidd eigen KHMS-handbok der vi basert på gjeldande lovverk har sett oss overordna mål innan kvalitetsstyring, helse, miljø og sikkerheit.

IA-bedrift

Volda Maskin er IA-bedrift. Dette inneber at vi som arbeidsgjevar i samarbeid med tillitsvalde og tilsette arbeider målretta for ein meir inkluderande arbeidsplass. IA-arbeidet går inn som ein naturleg del av vårt førebyggjande HMS arbeid. Vi nyttar dei ressursar som fins for å leggje til rette for ein best mogleg arbeidskvardag for våre tilsette.

HMS

For å sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø på anleggsplassen har vi strenge rutiner for tryggleik- og sikkerheitstiltak i alle faser av prosjekta. I planleggingsfasen av prosjekt vert det utført risikoanalyser av dei oppgåver som skal utførast. På grunnlag av identifisert risiko vert det utarbeidd ein komplett kvalitets- og miljøplan som omfattar heile prosjektet.

Vår erfaring er at det nyttar å drive førebyggjande HMS arbeid. Sjukefråværet er redusert og ligg under landssnittet. Når det gjeld miljø skal vi tilfredstille lov, forskrift og kundekrav til det ytre miljøet på ein slik måte at vi bidreg til eit betre miljø. I tillegg har vi sett oss som mål å ha ein ny og moderne maskinpark som tilfredsstiller dei nye krava til CO2 utslepp.

Siste prosjekt

Volda Maskin / Design: Kib & Morits