March 30th, 2016

Volda Maskin har sikra seg arbeid ut 2017

Volda Maskin er glade for å ha sikra seg arbeid ut 2017, og ser fram mot eit samarbeid med Kruse Smith. Kontrakta er verdt over hundre millionar kroner og gjeld utbetring av ei strekning på om lag fem kilometer på Fv 60 mellom Ugla og Skarstein i Stryn kommune. Vegen har tidlegare vore kåra til Norges verste veg!

Vi skal gjennomføre vegbygging i dagen og tunnelarbeid, alt utanom betogarbeid og tunneldriving. I vest skal det byggjast ein tunnel på 1.170 meter forbi Vangberghammaren. Vidare mot Olden går vegen langs eksisterande trase, med enkelte justeringar av veglinja.

Det er svært gledeleg at vi fekk dette oppdraget i ei tid der det er lenge mellom moglegheitene. Det har ikkje vore utlyst ein vegjobb i vårt område på halvanna år, og meir enn nokon gong er det kamp om oppdraga.

Siste prosjekt

Volda Maskin / Design: Kib & Morits