October 1st, 2015

Volda Maskin 25 år

Volda Maskin har 25 års-jubileum i 2015!

For å markere dette inviterte vi alle tilsette med fylgje til feiring i fantastiske Geiranger. Feiringa starta med sightseeing på fjorden etterfylgt av guida tur opp til fjellgarden Skageflå. Her var det lunsj med strålande utsikt over Geirangerfjorden og dei sju systre. Dei sprekaste tok turen over Homlongsetra, ned til Homlong, og inn igjen til Geiranger. Det vart ei retteleg flott jubileumshelg med god stemning, fint ver og koseleg jubileumsfest på Hotel Union Geiranger. Vonar me får halde på i 25 år til :)

Siste prosjekt

Volda Maskin / Design: Kib & Morits