September 28th, 2016

Vi gratulerer fire av våre lærlingar med bestått fagprøve!

Volda Maskin AS vil gratulerer Håkon Bratteberg, Laurits Ørjasæter, Håvard Næss Skåden, og Sindre Stadeløkken med Fagbrev i anleggsmaskinførarfaget. Fagprøva vart utført på vårt veganlegg FV 60 Ugla-Skarstein. Dette er første gongen fire lærlingar frå same firma har avlagd fagprøve samstundes, i følge OKAB (Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene Møre og Romsdal). Alle fire køyrde gravemaskin, hjullaster og dumper. Sindre Stadeløkken hadde i tillegg bulldozer som hovudmaskin. Han er den andre i OKAB MR som har køyrd opp på denne maskina. Den første som køyrde opp på bulldozer var også frå Volda Maskin AS.

Vi satsar aktivt på lærlingar, og har som mål at ca. ti prosent av arbeidsstokken skal bestå av tilsette på lærekontrakt. Lærlingar er neste generasjons arbeidarar, så det er viktig at vi legg til rette for at opplæringsprosessen finn stad i trygge omgivnader, med fokus på kvalitet og kompetanse. På den måten får dei eit positivt møte med arbeidslivet. Det er og viktig å vise dei tillit, og gi ansvar slik dei får vise kva dei er god for. Som lærling hjå oss får ein prøve seg på mange ulike utfordringar, noko som gir verdifull arbeidserfaring. Anleggsbransjen er ein spennande bransje med gode framtidsutsikter. Jobbmoglegheitene er gode, og ein har mange ulike utdanningsvegar vidare for dei som har fagbrev. Dette året har vi 7 lærlingar hjå oss. Fire av dei gjekk no opp til fagprøve og har blitt fagarbeidarar.

Dette med å ha fokus på og gi plass for lærlingar i bedrifta har vore berre positivt for oss. Vi får mange søknader frå elevar som ynskjer lærlingplass i Volda Maskin. Det er veldig positivt at dei har lyst å ta læretida her, men vi har dessverre ikkje kapasitet til å inngå kontrakt med alle. Det er ikkje kjekt å måtte avvise unge håpefulle, men vi kan ikkje ta inn fleire enn vi har kapasitet å følgje opp. Vi håper at fleire bedrifter her i området vil styrke fokuset på lærlingar og på den måten hjelpe dei vidare på vegen mot arbeidslivet.

Siste prosjekt

Volda Maskin / Design: Kib & Morits