December 16th, 2014

Opning av første delmål på Miljøgata i Ulsteinvik

Første del av Sjøgata er no opna for trafikk. Dette signaliserer overgang frå byggetrinn ein til byggetrinn to i miljøgateprosjektet. Første del av prosjektet vart ferdig i tide, og vi er allereie godt i gang med andre del av prosjektet. Vi har kome godt i gong med utfylling av sjøsida, og fått lagt ned kummar og rør. Planen er at andre del av Sjøgata skal vere ferdig i desember. Arbeidet er godt i gang, men det er fortsatt mykje som skal gjerast. Det skal blant anna leggast ned fjernvarme, fiber, vatn og avløp i vegen, og det skal lagast ei rundkjøring til.

Siste prosjekt

Volda Maskin / Design: Kib & Morits