February 15th, 2017

Bygg og Anleggsdag for ungdomskuleelevar frå Søre Sunnmøre

I dag arrangerte Bygg og Anleggsgruppa- ØrstaVolda, i samarbeid med Ørsta Vidaregåande Skule, Bygg og Anleggsdag. Som medlemsbedrift har vi hatt gleda av å ta imot 47 kjekke elevar frå 10. klasser på Søre Sunnmøre. Elevane har fått informasjon om Volda Maskin, kva arbeid vi utfører, og kva mulegheiter som er i bransjen. Elevane går siste året på ungdomskulen, så dei må ta eit viktig val når dei skal søke seg på vidaregåande skule. Vi håpar at ein slik dag gir dei kunnskap og hjelper dei å velge rett veg vidare. Dei som ville fekk prøve å styre litt gravemaskin og dei såg ut til å kose seg:) Det var kjekt å få besøk av så mange friske kjekke ungdommar!

Siste prosjekt

Volda Maskin / Design: Kib & Morits