July 15th, 2014

Betongpadda på veg til paddeland

Multikunstnaren Robert Steinnes har laga paddeskulpturen som skal få sin plass, på den nye parkeringsplassen i Austefjorden. Her skal den få stå som eit monument for sine levande likesinna. Austefjorden har Skandinavias største paddebestand, og det fortjener ein eigen skulptur. Volda Maskin har lagt til rette med ein eigen parkeringsplass der padda skal stå, ikkje langt unna austenden av Fyrdsbergtunnelen. I tillegg har vi bygd paddetunellar under den nye E 39 slik at paddene skal kome seg heilskinna forbi vegen og ned til Lisjevatnet.

Siste prosjekt

Volda Maskin / Design: Kib & Morits